torsdag 1. desember 2011

Tunika til meg sjølv

På spøtekaféen for vel ein månad sidan overtalte eit par damer meg til å strikke ein tunika til meg sjølv.  Eg hadde sett på ei oppskrift, men var i tvil om eg ville greie å fullføre prosjektet før vinteren var over.  I går festa eg trådane og vaska plagget.  No må eg berre finne meg ein kvit topp til å ha under.

Det er nok meir enn 25 år sidan eg strikka ein genser til meg sjølv!

Garnet heiter Mirasol, viss nokon lurer på det.  I oppskrifta var det brukt koks, grått og kvitt.  Eg synest det er kjekt å velje sine eigne fargar.  Då vert ein kanskje åleine om å ha akkurat det plagget.

8 kommentarer:

  1. Og dette var heilt rette argen til deg. Du veit, eg kledde deg i lyseblått frå den dag du vart fødd. Trur knapt du hadde eit rosa plagg i din barndom.Og folk som såg ned i barnevogna trudde sjølvsagt at du var ein gut.Veldig fin tunika.

    SvarSlett
  2. Gratulerer med ein nydeleg tunika. No er du verkeleg komen med i strikkegjengen!
    Eidabesta

    SvarSlett
  3. No vart eg skikkeleg imponert! Flott tunika. Kledeleg farge til deg. Trur Lappetausa også har begynt på denne i grått/svart??

    SvarSlett
  4. For eit nydeleg bilete av deg!! Og ja, du er no heldig som får strikke i ein liten storleik...eg er så vidt begynt på min, men held på med mange småprosjekt no. Blei inspirert av deg!
    Elin.

    SvarSlett
  5. Dette var en flott tunika på ei flott dame.

    God adventstid. Hils dine

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...