tirsdag 6. desember 2011

Har du kasta ei julegåve?

Tast 1 for mange gongar, 2 for ja, 3 for nei eller 4 for veit ikkje!

Det er mange rare spørsmål ein kan få når ein får telefonar der dei spør etter folkemeininga.  I dag var rettspsykiatrar og endring av lover hovudtema.

Svaret på spørsmålet er sjølvsagt nei.  Eg har ikkje kasta ei julegåve det eg veit.  Til det har eg altfor god oppseding, kanskje?  Ikkje byter eg gåver heller, om eg ikkje har akkurat same frå før. Det trur eg berre har skjedd ein gong då frøkna fekk to like dokker.  Eg tenkjer at det eg får, har nokon hatt lyst til å gi meg.  Viss ein lærer born at dei kan bytte det dei får til noko dei heller vil ha, lærer ein dei då å bli misnøgde eller utakknemlege?

På ei anna side er det ikkje vits å behalde til dømes eit klesplagg du aldri kjem til å bruke.  Kjøper eg slike gåver, spør eg både ein og to gonger om det er greit å byte viss plagget ikkje passar, og seier klart ifrå til mottakaren.

Kasting er generelt ikkje mi sterke side.  Men det må til innimellom, elles druknar ein i rot.  Men det var vel ein tidsfrist på det spørsmålet!

For ordens skuld: Illustrasjonsfotoet er ikkje av noko eg vil kaste.  Det er kalendergåva mi i dag.  At eg kan kaste anna juletrepynt og erstatte den med denne, er ei anna sak.

1 kommentar:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...