onsdag 28. desember 2011

Bok 62: Maya

Åndenes hus av Isabel Allende må eg ha lese då ho var månadens bok ein gong i eller etter 1984.  Eg syntest den var fantastisk.  Filmen har eg sett minst to gonger.  Likevel har eg ikkje lese så mange bøker av henne seinare, utan at eg heilt forstår grunnen til det.

Maya er ein samtidsroman. "Maya du er et forsømt barn", får Maya høyre, men ho nektar for dette.  Lesaren vi kanskje tenke at det er nettopp det ho er, i alle fall av foreldra?  Ho hamnar på skråplanet, men familien tek ansvar og sender henne vekk til dei som leitar etter henne vil gje opp.  Sakte, men sikkert vert problem i fortida rulla opp samtidig som ho kjem attende til "livet".

Sjølve historia i denne romanen kunne kanskje like godt ha vore skrive av Cecilia Samartin.  Her er nok handling for å seie det sånn.  Men Isabel Allende skriv med eit heilt anna språk.  Vi får også logiske forklaringar på "tilfeldigheiter".  Ho får også belyst samfunnsproblem i dag og i fortida.

Dette er det vi kallar ein pageturner.  Eg trur dette er ei bok både unge og vaksne vil like.

4 kommentarer:

  1. Takk for godt tips! Isabel Allende er fantastisk å skrive, har du lese Paula? Og filmen Åndenes hus må no vere noko av det beste som er laga ever. Eg tykkjer det er urettferdig å samanlikne henne med Cecilia S., Isabel stiller i ein heilt annan kategori. Trur vi er einige der!

    SvarSlett
  2. Eg får presisere at i Cs sine bøker er tilfeldigheitene usannsynlege, i IA får vi svar på kvifor dei skjer! CS er for unge jenter, som ein start på lesekarrieren, meiner no eg;-)
    Maya er full av handling - du kjem heilt sikkert til å like boka!

    SvarSlett
  3. Det var slutten av boka som fekk meg til å tenkje på Samartin. Har lese berre ei bok av henne. Det var nok. "Øya under havet" av Allende skal eg lese om att. Den var litt innvikla for lydbok, fordi der var mange namn å halde orden på. Elles har eg lese eit par bøker til, men det er lenge sidan."Åndenes hus" har eg lese to goger. Den er berre heilt topp.Elles meiner eg det same som du om Maya.

    SvarSlett
  4. Det var den bestefarhistoria som mingte meg om Samartin. Elles trur eg at eg skal anbefale dei som likar henne å lese Allende, kanskje dei forstår skilnaden!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...