torsdag 22. desember 2011

22. desember

 I dag har vi vaska delar av huset.  Den siste golvvasken tek vi i morgon. Journalisten hadde og fri i dag, så vi inviterte han på middag.
På menyen stod det ei mulligatawny-inspirert suppe og byggriskrem til dessert.

Det er ikkje plass til ein heil kalkun i fryseboksen min for å seie det rett ut.  Så eigentleg hadde eg slått frå meg å kjøpe det før i romjula, viss der då var att.  Men så måtte frøkna innom ein butikk der det låg kalkun i frysedisken til 19,90 pr kilo.  Kalkun for 170 kroner vart med heim.  I går steikte eg lår og venger og serverte ris og saus til som om det skulle ha vore kyllinglår.  Filetane fraus eg ned att for å ha i romjula.  Av resten kokte eg kraft som eg kokte ned (reduserte heiter det vel) frå 3 1/2 til 2 liter.  Denne vart brukt til suppa i dag.  Kjøt frå eit lår låg att frå i går. Viss ikkje ville eg ha steikt noktre kyllingfiletar. Det som var på kraftbeina, var så lite og bruskete at det fekk verte kattemat.  Katten fekk også innmaten i går etter at den hadde fått kokt med i krafta.

Risrestar frå i går vart servert til å ha i suppa.  Byggrynsgrauten vart brukt i desserten.  Det er godt å ikkje starte jula med mange restar, synest eg.

No skal yngstemann og eg til byen på shopping.

1 kommentar:

  1. Eg har kjøpt inn kyllinglår som eg tenkte å lage suppe på. Har kjøpt inn ingrediensane, men ikkje tort meg til å lage suppa. Ikkje enno. Nils koka ertersuppe i dag, og Margrete kom og åt i lag med oss.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...