torsdag 29. desember 2011

Krydderleksikon

Dette krydderleksikonet vart presentert på Frukost-TV ein gong i haust.  Då eg fekk sjå det hos ei venninne som hadde kjøpt det, tenkte eg at dette skal eg ønske meg til jul. Eg er vanlegvis ikkje noko flink til å svare på kva eg ønskjer meg til jul og fødselsdagar ...
Boka er utruleg grundig og omfattande.  Eg meiner forfattaren sa at ho ikkje visste kva ho hadde gitt seg ut på, og det kan ein tru når ein ser resultatet.

 Alle krydder og krydderblandingar ein kan tenke seg, er å finne i boka.
 Her er mykje å lære!
 Berre basilikum har fått over fire sider med tekst og bilde.

Ein finn litt om historia til kvart krydder og sjølvsagt korleis ein kan bruke det.  I tillegg finn ein namna på dansk, svensk, engelsk, spansk, tysk, fransk og italiensk.  Det er svært praktisk for dei som tek med seg krydder heim frå utanlandsturar.

Eit flott oppslagsverk!

3 kommentarer:

  1. Gratulerer med kjekke bok!! No har eg funne ut at om eg klikkar "forhåndsvisning", så går kommentaren gjennom som før. Får sjå om det funkar i dag og.

    SvarSlett
  2. Flott at du kjem gjennom! La merke til det på Mayainnlegget!

    SvarSlett
  3. Denne boka har jeg også - en av mine favoritter.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...