tirsdag 13. desember 2011

Ny kaffitraktar

Då studenten kom heim på juleferie, påpeika han noko eg har visst ei stund.  Kaffien vår heldt seg ikkje varm.  Moccamasteren var utsliten etter ti år.  Det skal vere kaffimaskiner no for tida.  Vi torde ikkje å ta steget heilt ut, så vi satsa på ein kaffitraktar som kan male bønner - eller brukast som vanleg traktar.
Her må ein programmere kaffistyrke, mengd med koppar og eventuelt smilefjes om ein vil trakte normalt.
 Maskina mel så mange bønner som trengs. Tanken kan berre vere full.
 Når traktaren har male ferdig, klappar loket på.
 Og så begynner vanleg trakting.
Nymalen og nytrakta kaffi!

2 kommentarer:

  1. kva sort maskin er det? vi skal kjøpe etter jul,tenker eg.. =) er nok best med maskin som kan male sjølv, i staden for kapslar..

    SvarSlett
  2. Vår er Elektrolux, men den finst i Phillips også. Vi har ei kvern også, men den vart/vert ikkje brukt. Det går ein del bønner for tida når vi er fire kaffidrikkarar - og så er kaffien god. No prøver eg å snike meg til å lage vanleg kaffi frå lageret i matboda ... Greitt at det og går an!Trur maskina kosta rundt 1300 kr (kan like godt ha vore 1399) på Euronics.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...