mandag 19. desember 2011

Å skumme fløyten

I Noreg skummar vi bokstavleg talt fløyten for tida.  Det går no rykte om at det snart vert mangel på fløyte i landet.  Skal tru kven som har sett ut det ryktet!  Designarane til Tine har pynta seterrømmen og dei store fløytekartongane ekstra fine samanlikna med mindre og magrare produkt.  Men dette vart vel planlagt før den store smørkrisa.

Laurdag kunne ein lese at mjølka skal bli magrare. Feittprosenten i lettmjølk skal ned frå 1,5 til 1,2, noko som er eit strakstiltak for at det skal bli nok fløyte til jul?

Vanleg sunt bondevett tilseier at skummer ein fløyten av mjølka, må nokon drikke skummamjølk. På frukost-TV trekkjer dei ein dag fram ein kosthaldsekspert som seier at vi bør drikke H-mjølk. Vi treng mjølkefeitt. Før ho får lagt til kor mange desiliter det er snakk om, har vi late att øyra.  Veka etter kjem ein ny kosthaldsekspert som meiner at vi bør drikke ekstra lettmjølk, for den er tilsett D-vitamin.  Kven skal ein høyre på?

Då eg fekk eldstemann i 1987, var det nærast mishandling å gje born heilmjølk, slik vi sjølve hadde vakse opp på.  Det var feitt i olje borna trong. Margarinen skulle vere mjuk.  Dei tre borna eg fekk på 90-talet, fekk meir og meir morsmjølk, og kumjølka vart stadig magrare.

No drikk dei litervis med ekstra lett mjølk. Karane tek seg gjerne ein banan etter trening. Attåt drikk dei mjølk.  Små born som et lite, bør ikkje drikke mjølk som tørstedrikk.  Men idrettsfolk meiner eg kan unne seg eit par glas mjølk til brødmåltida.  Til middagen, som gjerne er jernrik, bør ein velje anna drikke, helst vatn.

Til matlaging er gjerne ekstra lett mjølk litt mager.  Derfor kjøper eg litt lettmjølk eller H-mjølk.  Til karamellpudding og julegraut vert det nytta feit mjølk her.

Elles kan eg melde at det var rasjonering på Bremykt i butikken i dag, berre to pakkar pr kunde.

Frå ordboka:
skumme f-n òg: ta det beste; ha føremoner av noko som andre har gjort

2 kommentarer:

  1. Eg har alltid meint at barn skal drikke heilmelk. Men ikkje til tørstedrikke, då kan dei (og vi) drikke vatn.
    Alle kan sikkert drikke 1-2glas heilmelk pr dag om dei vil, såpass med feitt toler ein.

    SvarSlett
  2. Det er vel det ho i blogglista mi seier. Men melkesedikane som er halvvaksne her får drikke ekstra lett mjølk så pass at det vert rømme, fløyte og smør på oss også ... Det er summen av feittet som tel. Derfpr meiner eg at smør og skummamjølk høyrer i hop.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...