Jordbærsesongen gjekk meg hus forbi i år.  Dei siste åra har eg kjøpt fleire firekiloskartongar med reinsa bær som eg har rørt.  Det får halde med frosne bær med melis til vaflane i vinter.
Rørt rips smakar heller ikkje dårleg til vaflar og på brødskiva.  Når eg rører jordbær veit eg at eg reknar 3 dl sukker pr kilo, men kva med rips?  Eg prøvde med 7 1/2 dl til 2 kg bær og ein pakke frysepulver. Det vart godt.  Gjengen plukka 6 kilo i går.
No er det notert på bloggen, så slepp eg å lure neste gong.  Ny etikett: Saft og sylte.
Det skal eg også lage:-)
SvarSlettRørte solbær og stikkelsbær er også veldig godt til alt.
Solbæra er modne og skal plukkast snart. Stikkelsbæra treng litt meir tid.
SvarSlettKor mykje sukker bruker du til stikkelsbær?