mandag 8. august 2011

Komfyrar

Mi noko sære interesse for komfyrar starta då eg skaffa med nokre kokebøker frå ulike stader i landet. Bøkene inneheld gjerne ein del historie.  I ei av dei las eg at den vedfyrte steikeomnen som eg trudde var eldgamal, først vart vanleg i heile landet etter 1900.  I historisk perspektiv må ein seie det er ein kort periode før den elektriske kom.  Desse to omnane stod gjerne side om side i mange heimar.  Straumen kunne gå, og om vinteren varma den vedfyrte.

Kva steike- og kokemulegheiter ein har, er sjølvsagt viktig for kosthaldet.  Når folk snakkar om husmannskost akkurat som om det er noko vi vil attende til, så vert det nok mykje graut!  Tallerkar var mangelvare, og gaflar vart ikkje vanleg før ut på 1900-talet.  Ein åt av same fatet med kvar si skei.  Mykje av dette vil eg kome attende til med kjeldetilvisingar.

Komfyren over er min eigen, ein heilt vanleg kvit komfyr med keramisk topp. Den kan sikkert representere tiåret 2000-2010.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...