tirsdag 23. august 2011

Ferskensylte

Førre veke var det fersken på tilbod (15 kr pr. kilo)på Prix.  Laurdag fekk eg lyst til å lage ferskensylte.  Eg tenkte at fersken er så søtt at ein ikkje treng så mykje sukker i sylta.  Så eg brukte 1/2 kg sukker og ein pakke syltepulver til 2 kg frukt.

Eg syntest at sylta vart litt smaklaus.  Heldigvis fall den i smak hos ho som har fersken- og aprikossylte som favorittsylte.

I dag la Gunda  ut ei oppskrift som eg skal prøve om eg finn på å sylte fersken eller nektarinar ein annan dag. Stjerneanis høyrest godt ut, og så kan det hende eg skal spandere meir sukker likevel.

Sidan eg ikkje var så godt nøgd med oppskrifta mi, hadde eg eigentleg ikkje tenkt å legge ho ut på bloggen.  Men ved nærare ettertanke så kom eg fram til at det kanskje kan vere greitt å vise at det er ved å eksperimentere ein kjem fram til gode oppskrifter.  Og kanskje med tips frå bloggvener.  Bente fortalde til dømes at ein kan blande stikkelsbær og aprikos til sylte.

Ein får prøve seg fram!


2 kommentarer:

  1. Eg må innrømme at eg ikkje er heilt sikker på om det er fersken eller nektarinar eg har kjøpt på tilbod til 10 kr korga. Men første gongen eg kjøpte sylta eg fruktene i lag med plommer, ca 2kg plommer + 1 kg "fersken" +1kg sukker. Det blei veldig godt, men litt for søtt etter min smak. Sist laurdag kjøpte eg ny forsyning fersken og sylta åleine. Hadde veldig lite sukker i, ca 2-3dl på tre korger frukt. Det vart passelig søtt, men nokså smaklaust, mykje betre når ein blanda med plommer(frå i fjor).

    SvarSlett
  2. Det trengst litt smak etter min smak, ja. Ein kan no sylte små porsjonar t.d. medan ein lagar middag og står ved komfyren likevel, så kan ein prøve seg fram.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...