mandag 8. august 2011

Dagens prosjekt

I dag har kjøkenet stått litt på endes her. Det 23 år gamle kjøleskåpet på kjøkenet er flytta ned.  Eit endå eldre som vi har arva, er ute.  Og på kjøkenet står eit nyinnkjøpt kjøleskåp.  Sidan eg har to frysarar, vil eg ikkje ha kombiskap, men stor kjøleskapskapasitet.  Høgda er 20 cm høgare enn det vi hadde.

Smør og pålegg bruker vi å ha i ein boks/ei korg, slik at vi kan ta alt ut på ein gong til frukost.  Det kan hende eg kan spandere ei finare ei.  På Kiwi fekk eg vite at i dag var det siste sjanse til å kjøpe jordbær frå Valldal.  Så i dag vert det jordbær med sukker og rein, flytande kremfløyte til dessert etter kveldsmaten.

P.S.
Om nokre tiår ser kanskje kjøleskåpa heilt annleis ut.  Då kan det vere artig å ha dokumentert samtida.  Vårt nye kjøleskåp er heilt ordinært.

No har eg lese bruksanvisninga (!!!) og ser at eg har plassert varene heilt feil.  Det er kaldast lengst nede mot det eg kallar grønsakboksen, så der skal ein plassere mjølka t.d.   Her er det visst berre å lese og lære.  

5 kommentarer:

  1. Gratulerer med nytt kjøleskåp! Kjekt å "flytte inn i" nytt. Vi har også eit sånt stort utan frys. Treng jammen plassen også.....

    SvarSlett
  2. Fort gjort å fylle opp, ja. Det gamle har eg nede til nyinnkjøpt mjølk m.m. Det er tomt no, men...
    Det nye er mykje meir appetittleg med glashyller i staden for trådhyller.

    SvarSlett
  3. Gratulerer med nytt kjøleskap! No er det nedteljing til skulestart, burde du ikkje svinge deg rundt og ta ein tur??
    Elin.

    SvarSlett
  4. Hm.. Diverse besøk og prosjekt her for tida...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...