lørdag 6. august 2011

Sjå kva som har skjedd!

 Denne rosebusken kjøpte eg på Coop i Ulsteinvik då eg kjøpte to halve hekkar.  Sidan eg ikkje la dette ut på bloggen med namn, veit eg ikkje kva ho heiter. Dei hadde ikkje Peaceroser, så eg valde ei som likna.  Denne verkar mykje meir robust.
 Før eg for, nærare bestemt førre søndag, plukka eg alle skvåsjane som hadde nådd butikkstorleik, og gav dei til ei venninne som er glad i skvåsj.  Likevel fann eg eit stort eksemplar på kvar plante då vi kom heim fem dagar etter.
 Utfordringa er å finne noko godt ein kan lage.
 Gjengen her er veldig glad i suppe, så da eg fann ei oppskrift på Trine sin blogg, laga eg like godt dobbel porsjon.
 Eg synest kombinasjonen av frukt og grønsaker var interessant.  Eg laga den utan spekeskinke og serverte den som forrett/grønsaker til fish and chips.
Familiejuryen meinte suppa var "midt på treet!, og påpeika at blomkålsuppe er betre.

Neste gong eg lagar suppa, for eg kjem til å lage den fleire gonger, skal eg ha i mindre vatn.  Det er ikkje alltid så lurt å doble heilt væskemengda når ein doblar ei oppskrift.  Det er lettare å ha i meir etterpå.

Slike supper som er jamna med grønsaker, er ein fin måte å få i born og vaksne meir grønsaker!  Kaninane hadde eit herremåltid i hagen etterpå med skal av eple, gulrot og skvåsj.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...