I dag tidleg sette studenten seg på bussen for å reise til hovudstaden. Han startar på tredje året, så det er ikkje første året han reiser. Likevel vert det tomt etter han. Men han gler seg til å kome i gang.
For oss vaksne er det siste feriedagen. Temperaturen er låg, men sola skin. I dag har vi utretta forskjellig, men teke oss tid til å slappe av og sole oss.
Sommaren går mot slutten. Skulestart er alltid spennande både for store og små. Det er tid for å brette opp ermane.
Ja, det vert nok tomt. Køyrer eldste til Trondheim i morgon. Kjem no heim til Jul,seier han. Er nok verst for oss som vert att. Nyt siste dagane med fri før skulestart!
SvarSlettGod helg :-)
Eldste vår reiste til Bodø som 19-åring for å bli journalist. Det var tøft gjort. No bur han ei gate bortanfor oss.
SvarSlettDette er barnemat mot slik det var før i verda. Eg reiste heimanfrå då eg var 18 år for å vere lærar i utkant-Norge. Var heime ein gong det skuleåret, og det var til jul.Det var tungvint å reise i dei dagar.Guten vår reiste på sin første jobb i Finnmark, men då hadde han rettnok vore i det militære i Nord-Norge før.
SvarSlettMed mobiltelefonar og internett er dei lette å nå. Eg har oppdaga at skal ein nå ein ungdom i dag, er det berre å sende ei melding på facebook. Ein treng ikkje vere ven for det.
SvarSlett