fredag 26. august 2011

Mathjelp

 Erling Kagge og dottera var på Frukost-TV her om dagen og presenterte denne kokeboka.  Boka er retta mot småbarnsfamiliar, og eg meiner dei deler ho ut til førsteklassingar eller foreldra deira.  Eg synest det kan vere interessant å følgje med kva råd som blir gitt for tida.  Boka er nemleg laga i samarbeid med ein professor i ernæring, Rune Blomhoff.
 I boka finn ein først ein faktadel. Dette er kjent stoff for meg.  Men det er fint at alle småbarnsforeldre får det repetert.  Kvifor ikkje la borna lage bokstavrundstykke?  Mi erfaring er at born formar det dei er opptatt av.
 Bilda er flotte og inspirerande.  Det er meininga at borna kan vere med å lage maten, og då er det viktig med fine bilde.  Det er lov å leike seg.
Eit nytt ord for meg er plyndringstimen, men fenomenet er kjent.  Born kjem heim etter skulen og går i skåpa. Her er mange forslag til sunne alternativ.

Oppskriftene i boka ser greie ut.  Mat på P har fått grovt mjøl i seg.

Prisen på boka er berre 129 kroner. Eg trur dette blir ei bok for frøkna.

4 kommentarer:

  1. Julegåvetips til frøkna mi?

    SvarSlett
  2. Eg trur den yngste! Tanta kjøper gjerne! Reknar med å få ei signert Smalhans i postkassa i morgon. Der er studentmat.

    SvarSlett
  3. Storegut på Kongsberg har ei eiga kokebok som han likar godt, med morsomme teikningar og artige overskrifter.Der var både sunn og usunn mat.
    ("Tannlegens skrekk" var ei overskrift) Kanskje han ville like ei slik bok også? Er spent på omtale av Gunda si bok.

    SvarSlett
  4. Broren får den kanskje neste år? Dette er i alle fall skikkelege oppskrifter for born. Mange bøker er fulle av søtsaker.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...