Når eg er i Oslo, må eg alltid ha meg ein tur innom Christiania Glassmagasin - åleine. Eg synest det er interessant å studere kva som finst. Der inbiller eg meg dei er først ute med det nye? I alle fall er der mykje samla på ein stad. I år kjøpte eg berre noko småtteri, mellom anna noko eg har utsett til Osloturen å få tak i, ein ny "knott" til gryta mi. Denne toler 260 grader. Planen var å prøve å lage "no kneed"-brød.
Nokre av desse grytene var utstyrt med metallknottar. det er noko å vere obs på om ein vurderer å kjøpe ei fransk gryte.
Første dagen såg eg om att videoen til Mat på bordet og laga brødet heilt etter hennar oppskrift. Brødet heva nesten for godt, og deigen vart rennande. Det er nok varmt i huset. Brødet forsvann medan eg var ute ein tur. Det fekk topp karakter av dei som slukte det.I gryta mi er det plass til å gonge oppskrifta med 1,5. Eg reduserte gjærmengda og væskemengda. Likevel heva det så godt at eg reduserte hevetida.
Mi oppskrift:
750 g kveitemjøl
1 ts tørrgjær
1 1/2 ts salt
550 g/ml vatn
Eg trur kvar einskild må finne sin formel, men start med oppskrifta og framgangsmåten på videoen.
Og gryta? Brødet sleppte godt! Eg var redd det ville sette seg fast, men belegget fungerte fint.
Eg synest brødet høver godt til supper, gryterettar og salt pålegg. Til syltetøy er grovbrød best. Men det kan vel og lagast i gryte.
Eg synest du skal ta fram heklekroken! Eg har det hjartemønsteret også. Hekla dei i fjor.
SvarSlettEg hadde vel fått det til om eg gjekk inn for det ... Førebels held eg meg til små prosjekt i mønsterstrikk.
SvarSlett