onsdag 10. august 2011

Rundstykke

Eg har lova ein blogglesar å legge ut rundstykkeoppskrifta mi.  Når det gjeld gjærbakst så er nok ofte framgangsmåten like viktig som sjølve oppskrifta, så eg legg inn nokre tips.
Grunnoppskrift 16 stk:
4 dl mjølk
1/2 pk gjær
3 ms smelta smør (eller flytande Bremykt)
1 ts salt
1 ts sukker
1 egg
ca 11 dl mjøl

Fine rundstykke:  ca 11 dl kveitemjøl
Grove rundstykke: 5 dl kveitemjøl, 5 dl sammalen kveite, grov, 1 dl store havregryn
Her er det berre å prøve seg fram.  Begynn gjerne med reint grovbakstmjøl.


Smør gir god smak, men du kan sjølvsagt bruke olje.


1. Smuldre gjæren i bollen.
2. Ha i resten av ingrediensane.  Hald att litt mjøl.
3. Køyr deigen i kjøkenmaskin om du har.  15 minutt er flott!
    Eg sette brødbakemaskina på "Deig".
4. Dekk bollen med plast. Hev til dobbel storleik
5.  Del deigen i 16 bitar og trill rundstykke og legg dei på ei bakeplate.
6. Dekk rundstykka med ein handduk og lat dei heve til dei ikkje gjev motstand når du tek på dei.  Det tok 40 minutt i dag.  Sprekk rundstykka, har du heva dei for lite.
 7. Pensle med egg og steik ved 225 grader i 12 - 15 minutt.
Rundstykke smakar godt til godt pålegg eller supper og gryterettar.

4 kommentarer:

  1. Eg er ikkje flink å bake.Men no bakar folk på ein annan måte enn før også. Mamma sa alltid at gjærdeig skulle ein jobbe minst mulig med, no skal den eltast i kjøkkenmaskin aldri så lenge. Ikkje veit eg kva som er best, eg eltar i miksaren-brødmaskina står i kjellaren.
    Rundstykka dine ser gode ut-og eg veit at det er dei!

    SvarSlett
  2. Etter førstehevinga skal ein ikkje kna, berre forme. Det er mange vegar til Rom.

    SvarSlett
  3. Har laga rundstykke med egg og godt smør i dag, har hatt Audny og Hilde på besøk. Det blei gode rundstykke, tusen takk!
    I morgon er det kurs på Eid, så det er best å finne køya.
    Og så var den sommaren over.
    Elin.

    SvarSlett
  4. Kjekt å kunne inspirere!
    Eg har ein tur til frisøren på programmet i morgon.
    Glad for at det skin opp før skulestart.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...