torsdag 4. august 2011

Bok 39: Døden ved vann

Denne kriminalromanen startar med ei hending på Kanariøyane der ei mann hindrar ein ung gut å drukne seg. 

Vi vert så kjend med Liss som prøver å gjere karriere som modell i Amsterdam.  Ho vert truga av eks-kjærasten som viser eit bilde på mobilen av søstra hennar. 

To personar vert drepne, nemleg eks-kjærasten og søstera til Liss.  Ho driv si eiga gransking og har lita tiltru til politiet.

Eg både likte og ikkje likte romanen.  Han er spennande nok.  Personane og miljøa er interessante.  Språket er heilt greit, men manglar snert og humor.  Oppklaringa liker eg ikkje.  At det er ein thriller, betyr ofte at oppklaringa er lang, og vi vert gjerne villeia.  Frampeik er her nok av. Her synest eg kanskje oppklaringa vert litt søkt, i beste fall ordinær.

2 kommentarer:

  1. Dramatiseringen av boken går for tiden som radioteater på NRK. Har hørt to episoder og fått sansen. Sjekk ut Krimtimen :)

    SvarSlett
  2. Eg las om det på bloggen din. Viss eg får til å legge det over på ein MP3, så hadde det vore ein idé for meg. Eg liker å gå tur å lytte. For tida kosar eg meg med Flaskepost fra P.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...