torsdag 4. august 2011

Ein dag i Karlstad

 Vi vakna til ein solrik, men litt mindre varm dag.  Temperaturen har vore 24 grader.  Vi har fått tid til både byvandring, shopping, solig og bading.
 Svenskane er flinke å plante.  Brua over Klarälven er pynta i blå- og lillanyansar.  Dei lukta fantastisk.
Blomsterbed.

 Riddersporar.
 Utsikt mot der vi åt middag/kveldsmat i dag.  I går åt vi på ein italiensk restaurant inne i byen.  Her er svært mange restaurantar å velje i.
 Ein fargeklatt i bybildet.  Denne var nederlandsk.
Hotellet har symjebasseng og rikeleg med solstolar.  Merkeleg nok sat mange i skuggen - ikkje eg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...