fredag 12. august 2011

Kjensla av ...?

I dag tidleg sette studenten seg på bussen for å reise til hovudstaden.  Han startar på tredje året, så det er ikkje første året han reiser.  Likevel vert det tomt etter han.  Men han gler seg til å kome i gang.

For oss vaksne er det siste feriedagen.  Temperaturen er låg, men sola skin.  I dag har vi utretta forskjellig, men teke oss tid til å slappe av og sole oss.

Sommaren går mot slutten.  Skulestart er alltid spennande både for store og små.  Det er tid for å brette opp ermane.

4 kommentarer:

  1. Ja, det vert nok tomt. Køyrer eldste til Trondheim i morgon. Kjem no heim til Jul,seier han. Er nok verst for oss som vert att. Nyt siste dagane med fri før skulestart!
    God helg :-)

    SvarSlett
  2. Eldste vår reiste til Bodø som 19-åring for å bli journalist. Det var tøft gjort. No bur han ei gate bortanfor oss.

    SvarSlett
  3. Dette er barnemat mot slik det var før i verda. Eg reiste heimanfrå då eg var 18 år for å vere lærar i utkant-Norge. Var heime ein gong det skuleåret, og det var til jul.Det var tungvint å reise i dei dagar.Guten vår reiste på sin første jobb i Finnmark, men då hadde han rettnok vore i det militære i Nord-Norge før.

    SvarSlett
  4. Med mobiltelefonar og internett er dei lette å nå. Eg har oppdaga at skal ein nå ein ungdom i dag, er det berre å sende ei melding på facebook. Ein treng ikkje vere ven for det.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...