søndag 28. november 2010

1. søndag i advent

 I dag har vi hatt triveleg besøk av moldensarane.  Som oppmerksame blogglesarar kanskje får med seg, er det gjenbruk av Jyskduken.  Dekkebrikkene har eg kjøpt på Kid til halv pris.
 Og så er det dei som vil vite kva eg serverer gjestene mine.  I dag ville eg teste ut eit nytt produkt frå Coop.  Eg må med skam bekjenne at svineribbe er ein av dei rettane er ikkje "kan".  Då er det veldig kjekt med oppskrift på pakken.  Men kjære coop: Oppskrifta må vere rett.  Blogglesarane må berre korrigere meg, men eg reagerte med ein gong på at svoren skal vere opp medan ein dampar ribba under folie?   Eg fann i alle fall fram ei kokebok av Ingrid Espelid.  Og min svor vart lagt ned i vatnet.

Dette med svoren er ei stor sak, har eg forstått.  Min svor vart, truleg sidan rista mi er flat, sprø langs kanten.  Kanskje eg skal investere i ei eiga ribbeform, eller legge eit lite fat under?  Tilbehøret var surkål, ertestuing, fire ulike grønsaker, svisker, sylteagurk og tyttebærsylte.  Elles drista eg meg til å lage ein brun saus i staden for å servere ribba berre med feittet (som då kom i sausen).  Det spørs om ribbepolitiet hadde tatt meg.

Elles var vi samde om at kjøtet var godt krydra!
Slektningane våre, same kvar dei kjem frå, reiser alltid så langt at dei vert verande til minst to måltid.  Til det andre måltidet, "kaffien", bruker eg ofte å sette fram eit ostefat i tillegg til kaker.

 I går baka eg eit Schakenda-inspirert brød som eg skar i tynne skiver i dag.  Eg brukte ferdig brødblanding, solsikkebrød, 2 ms demerarasukker og ein pakke coop frukt- og nøtteblanding.  Brødet vart heva med surdeig og ca 1/16 pk gjær i ca fire timar før eg baka det ut.  Det kan sjølvsagt lagast etter oppskrifta på pakken.  Til 1 kg mjøl ville eg ha brukt 2 pakkar nøttemix.  Eg ser ikkje vekk i frå at det kan bli grove julebrød her til jul!

6 kommentarer:

  1. Eg har også lyst å prøve ut dei ferdig krydra ribbene. Såg også på TV at dei la svoren opp, og når ein brukar folie over går det sikker bra. Eg plar legge svoren ned, ha folie over og koke ca 15-30 minutt. Så snur eg ribba og legg eit asjett e.l. under. Viss eg vil ha skikkelig sprø svor, set eg på grillen til slutt, men då set eg meg framfor omnen og vaktar med argusauge, for då kan det fort gå gale. Sist vi hadde ribbe, serverte eg saus til sidan der var barn, vanligvis brukar vi berre feitt.

    SvarSlett
  2. I Sverige brukar dei å lage tyttebærbrød til jul. Eg har igjen litt SVENSK tyttebærsylte, så kanskje eg lagar det. Har laga det før. Det finst mange oppskrifter på nettet.

    SvarSlett
  3. Godt brød er mykje betre enn kaker ..
    Eg brukte grillen på svoren, og tok ikkje blikket vekk, omtrent. Men såg at den ville vorte svidd på kantane viss den skulle blitt sprø på midten om du forstår ...

    SvarSlett
  4. Vi hadde også svineribbe i dag, og til den serverte kokken brun saus med fløyteskvett i. Eg trur det er magrare enn den skya som ein "skal" servere til...

    SvarSlett
  5. Men når ein serveret både ribbe og pinnekjøt i lag, blir det litt feil med brun saus, elles er det heilt i orden for meg. Og barn i alle aldrar likar brun saus.

    SvarSlett
  6. Saus til pinnekjøt vert heilt feil,ja, og då har du rabbestappa. Elles ser eg i reklamen at dei har svoren opp når dei dampar ribba.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...