søndag 21. november 2010

Skinkesteik og prøving av produkt

I dag vart det svinesteik til middag.  Det er rimeleg og enkel mat.  Ein saltar og krydrar, og så set ein i eit termometer.  Omnen set ein på 125 grader.  Steika er steikt når termometeret viser "steik" eller 76 grader.
I staden for å lage surkål, vart det til at eg tydde til eit poseprodukt. Eg hadde aldri kome til å betalt 20 kroner for ertestuing på pose når ein kan få ein pakke erter til 9,40.  Men så fekk eg posen attpå ein pakke karbonadar som eg skulle ha likevel.

Nydeleg?
Posen skulle kokast med 5 dl vatn i fem minutt. Eg trur nok det måtte koke lenger.  Smaken og konsistensen var heilt grei.  Ei lita teskei med sukker kom opp i her.

Men så må ein lese på baksida!  Produktet inneheld kveitemjøl, fargestoff og ein del andre e-stoff.

Konklusjon: Eit heilt greit produkt.  Men kjøp heller tørka erter og legg i bløyt.  Så kan du fryse ned høvelege porsjonar.

2 kommentarer:

  1. Vi plar koke 4-5pakker grønerter i gongen, lage ferdig erterstuing og fryse i høvelige porsjonar. Dette er lettvint.Når vi skal bruke erterstuingen kan vi tine/ varme opp i mikrobølgeomnen.
    Eg plar ha i sukker, salt, margarin og litt eddik. Eddiken var det ei dame på butikken som tipsa meg om. Den gir ein litt friskare smak.

    SvarSlett
  2. Margarin er heilt unødvendig! Eddik skal eg prøve.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...