tirsdag 30. november 2010

Coopkupp

Her om dagen trudde eg det hadde vorte fred i verda.  Hovedoppslaget på nyheitene var at butikkane kunne gå tomme for ribbe til jul.  Nordmenn kan risikere å måtte ete svensk svineribbe til jul.

I dag hadde i alle fall Prix hatt tid til å fylle hyllene med nye ribber både naturelle og krydra.  Elles er den store nyheita her at ølmonopolet er lagt ned i dag.  På matbutikkane står der klokkeslett i morgon for høve til å kjøpe det ølet dei har sett fram.

Eg kjøpte meg ei ny krydra svineribbe i dag.  Og så investerte eg i ei ribbeform til 99 kr.   Ho kan sikkert brukast til meir enn ribbe.  Men no skal i alle fall svoren bli sprø over heile ribba!

5 kommentarer:

  1. Det var sikkert eit lurt triks å annonsere at det blei mangel på ribbe. Også på vårt Coop var der all slags ribbe å få kjøpt i dag, så vi kjøpte oss ei ferdig krydra, sånn for sikkerheits skuld.

    SvarSlett
  2. Dei ferdigkrydra var også 10 kr billegare pr kilo.

    SvarSlett
  3. Hadde eigentleg tenkt å kjøpe deg ei slik rist til jul, men rekna med at du kom til å kjøpe ei sjølv...

    SvarSlett
  4. Eg kjøper ikkje inn slikt som skal brukast så sjelden. Det skal ha sin plass. Eg steiker ofte to ribber om gongen i den store langpanna. Det går fint å legge ein asjett under.

    SvarSlett
  5. Det kan no hende forma blir meir brukt enn rista.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...