tirsdag 16. november 2010

Kva ler vi av?

Eg driv og mekkar litt på den nye bloggen.  Det som viser seg å vere gjort med eit par tastetrykk, er å legge ut snuttar frå YouTube. Noko eg slit med, er å få ein fin bakrunn.  Der tek eg gjerne imot tips!

Ein god latter forlengar livet, heiter det.  Det er sjeldan eg ler slik at eg både hyler og får vondt i magen.  Tårene sprett. Storbynatt er eit slikt program.  Yngstemann ser programmet saman med mor si, og førre tysdag mistenkte eg han til slutt for å le av meg. 

No når vi har så mange kanalar, ser ikkje folk dei same programma. Då eg gjekk på ungdomsskulen, var det viktig å ha sett det som gjekk, for det vart samtaleemne neste dag.  Vi flira av Fleksnes.  Viss nokon bad meg gjengi innhaldet i ein episode, trur eg at eg skulle ha fått med mange poeng.  Marta i farta, dei to bilane som møttest, jeg har mine metoder og blodgiveren,for å nemne nokre,er ein del av fellesopplevingane for vår generasjon.

Ein av seriane eg no ser, er House.  Hugh Laurie var og med i ein av seriane vi lo av på 80-talet, Blackadder. De får klikke dykk inn på innlegget under for ein liten smakebit.

Så står det att å sjå om folk legg seg Harald Eia og Bård Tufte Johansen sin "Knask eller knep"-sketsj på minnet.  Ein annan favoritt er den utanlandske reportaren som skal intervjue utlendingar, og i staden for uvitande svar på gebrokken norsk, får intellektuelle utgreiingar.  Det som eg hylte høgst av var intervjuet om blodtypedietten.  Det var både slemt, ikkje morosamt og ustyrteleg morosamt!

2 kommentarer:

  1. Eg kjøpte på Amazon serien som også gikk på Nrk for ein stund sida :Jeeves & Wooster med Hugh Laurie og Stephen Fry.Lenge før han vart kjent som House og den er morsom,he he...

    SvarSlett
  2. Ser at folk ler seg halvt i hel av Storbynatt. Eg synest berre det er sånn litt småmorsomt ein gong i blant. Torer nesten ikkje å innrømme det.
    Har kanskje noko med alder å gjere? Latteren sit ikkje så laust lenger? Eg synest det er artigast når humoren ikkje er direkte tilsikta.
    No kom eg på ein sketsj som er morsom:Døvetolken

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...