fredag 26. november 2010

Handlefri dag?

I fjor la eg ut på bloggen kva eg hadde kjøpt på verdas handlefrie dag.  Då stakk dei til oss i kveldsnyheitene at det hadde vore verdas handlefrie dag, og vi hadde handla som aldri før. Ja, ja, det er lett gjort når ein ikkje veit om det.

I morgon, laurdag 27. november er det 2010 sin handlefrie dag.  Eg kan ikkje love at eg ikkje kjem til å handle, men eg skal love å ikkje legge det ut på bloggen, for i år vert det mot betre vitande.

6 kommentarer:

  1. Og korfor måtte du opplyse oss andre, som kunne ha handla i all uvitenheit? Forresten synest eg det er dumt heile greia, så det kan hende eg handlar BERRE PÅ TRASS.

    SvarSlett
  2. Synest dei har valt ein dårleg dag. Moldensarane kjem og skal utveksle gåver søndag. For meg kan dei heller halde søndagane handlefrie! Eg har til gode å shoppe ein søndag.

    SvarSlett
  3. Trur eg betalte 350 kr. ca. Betalte med PayPal, og det er nokre veker sidan, så eg hugsar ikkje heilt... Prisen kjem sjølvsagt an på antal sider. Lurer på om mi er ca. 120 sider. Har lånt den vekk, så eg kan ikkje sjekke no. Kjekt å ha som ei dagbok, det er heilt sikkert. Så eg kjem nok til å bestille frå dei andre åra også. Har ikkje med kommentarane. Sidefelta kjem heller ikkje med.

    SvarSlett
  4. Som ei vanleg bok, altså.Eigentleg rimeleg. Ein kan no gå over på førehand og slette det ein eventuelt ikkje vil ha med. Absolutt noko å tenke på!

    SvarSlett
  5. I fjor fekk vi informasjon på jobben om "handlefri dag", og i ei lita, lukkeleg stund trudde vi at vi skulle få fri ein dag for å handle... Held med deg i at det held å halde søndagen handlefri.

    SvarSlett
  6. Unner dei som arbeider i butikk ein fridag!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...