lørdag 20. november 2010

Basar og vinnarlykke

I dag har eg vore på basar med åresal.  Og som de ser hadde eg vinnarlykke.  Heile fire gevinstar håva eg inn.  No er det ikkje så viktig for meg å vinne.  Eg er like blid.  Kaffien, kakene og det sosiale er mykje viktigare. 

Ein basar kan eg ikkje gløyme.  Frøkna var med.  Eg kjøpte mange årar, men vi vann ikkje. Venninna fylte eit nett med gevinstar.  Etterpå stakk vi innom coop og kjøpte ein pakke twist.  Då var dagen redda.

2 kommentarer:

  1. Eg/vi plar sjeldan gå på basar. Sidan vi ikkje er engasjert i noka forening, går eg ut frå. Men sant å seie er det kjekt anten ein vinn noko eller ikkje. Veninna mi som bur i Bergen fortel at dei har gammaldagse basarar i Sognalaget,der dei går. Mannen er sogning.I dag var det tre basarar her, med loddsal, matsal og sal av diverse handarbeid, kaker, saft,syltetøy og hermetiske plommer. Ja, slik var det i alle fall der vi var.

    SvarSlett
  2. Ein føler at ein er med på noko som snart vil døy ut? Ei av venninnene mine utfordra eit par andre om å møte sidan koret(ein fin måte å sikre seg loddtakarar)hennar skulle synge.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...