søndag 14. november 2010

Skulebollar - steg for steg


I dag skulle vi ha med eit fat med mat på Forbundsfesten. Eg lurte på om eg hadde laga skulebollar sidan eg begynte å blogge.  Eg laga ein vanleg bolledeig av 1 l mjølk, 2 pk raud gjær, 2 egg, 2 1/2 dl sukker og smelta meierismør (eg knip ofte inn på smøret, men 200 g er vel etter oppskrifta). 2 ts kardemomme er valfritt.  Det  gjekk med ca 1,8 kg kveitemjøl.  .  Blogglesarane har vel sine eigne bolleoppskrifter.

Eg bruker å vege emna til skulebollar til 100 g. Det er plass til 9 på kvar plate. Eg trillar dei og trykker dei flate.  Etter ca 5 minutt trykker eg dei flate ein gong til.
 Når dei har heva, lagar eg ei grop i midten på kvar bolle og legg litt vaniljekrem i kvar grop.


 Av deigen min i dag laga eg 18 skulebollar og 16 skillingsbollar.  I dei brukte eg resten av vaniljekremen.  Desse har eg frose til seinare bruk.
På festen gjekk bollane raskt unna.  Ein åtte-ti-åring kom med ein på fatet sitt og utbraut: "Her er gratis bollar!"

2 kommentarer:

  1. Skulebollar er ein sikker vinnar.Men eg lagar helst slike med kanel i svingane -utan melis og kokos, men MED vaniljekrem. Då kan eg fryse dei og varme dei i steikomnen. Eg likar ikkje melisglasur, men det gjer ungane.

    SvarSlett
  2. Det er det eg veit! Det var helst 10 år gamle gutar som kom tilbake med dei, kanskje fordi dei står først i køen?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...