onsdag 17. november 2010

Korleis bruke MP3

 Mamma har fått seg ny MP3!  Den fekk vere med til Hareid slik at eg kan sette meg inn i saka. Eg har etter kvart fått ein del erfaringar med ulike typar MP3-ar. Denne er enkel! Her kjem ei lita bruksanvisning for mamma og andre interesserte.
I pakken er der ein installasjons-CD.  Set den i datamaskina og koble til MP3-en med USB-kabelen. 
Du får då opp eit bilde på skjermen.  Her er det berre å trykke på next, allow og install etter kvart som det kjem spørsmål.


Her ser du at installeringa er ferdig.
Eg skumlas bruksanvisninga som høyrer med MP3-en.  Når der står Windows Media Player, har eg fått stikkordet eg treng.  Dette har eg lært mamma før.  Ein trykker på synkroniser oppe og album til venstre, og så er det berre å dra bort eit par album frå datamaskina om gongen.  (Korleis ein legg desse inn på datamaskina får eventuelt bli eit anna innlegg.)
Så spørs det om boka fell i smak!


2 kommentarer:

  1. Eg gler meg til å bruke denne, så det er berre å fylle på. Eg har i grunnen likt best vanlige CD-spelarar, men eg slit dei fort ut på grunn av at dei litt for ofte får ein tur i golvet.

    SvarSlett
  2. Mykje lettare med ein MP3! No ligg han på lading. Der er plass til minst ei bok til!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...