onsdag 10. juli 2013

Ostia - hamnebyen til Roma

Elva Tiber/Tevere renn ut i havet i Ostia. Byen ligg ein halvtime med tog frå Roma.  Togreisa kostar 1,50 euro.  Du kan køyre tog og buss med same billett i 100 minutt, men tek du ny tur med tog eller T-bane, må du løyse ny billett.
Mannen oppdaga denne byen då han var i Roma åleine.  For i Roma kan det bli varmt.  Og ein får gjere som romarane: Reise til havet.
Stranda er milelang.  Badehusa står tett i tett.  Nokre strandområde er for alle.  Mange er private.  Der kan ein leige stolar.  Vi var heldige med temperaturen som låg på rundt 25 grader.  Ein liten trekk gjorde at det ikkje vart for varmt.
 Vi knipsa nokre bygningar.
 Dei høgste husa var fire etasjar.

 Innanfor gjerdet var ein restaurant der vi åt pizza.
I gelateria kan ein kjøpe seg is.  Ein kuleis med tre kuler kosta 2,50. (Som eit lite apropos til softisprisane i Ålesund)
 Utsikt frå ein "molo".

 Og så var det denne utekonserten som vi gjekk oss på.  Slike opplevingar er ekstra kjekke!  Det er sjeldan å høyre så flott korpsmusikk - og sang! Soloartisten hadde ei fantastisk stemme.

Italienarane kan ikkje kallast språkmektige.  Det undrar meg at ho som sang ikkje hadde lært uttale frå originalversjonane av New York som vart njø jårrrk njø nårrrrk med herlege rulle-r-ar.

I butikkane vert dei stressa om du spør om dei snakkar engelsk.  Eg kom fram til at ein må berre gjere det.  Fleire kinesarar dreiv butikkar, og dei var flinke - også i Ostia. Det hadde vore interessant å vite litt om skulesystemet.  Ein skulle tru engelsk var obligatorisk? Kanskje undervisninga legg lite vekt på munnlege øvingar?
 Hotellet.  Etter fire døgn med kaker til frukost og sukker i kaffien, var det godt å få lage sin eigen frukost.
 Inngangspartiet.

Vi reiser gjerne attende til både Ostia og Roma.  Det var ein fin kombinasjon av bading og solig og byferie!


4 kommentarer:

  1. Dette var interessant å lese. Eg har vore i Italia to gonger, men det var mykje lenger nord, Pisa, Firenze, Genova... Men det var med skuleprosjektet vi var med på, og tidleg på våren.

    SvarSlett
  2. Vi var vedGardasjøen og i Venezia på 80-talet. Der snakka vi tysk. Den tida for vi med reisesjekkar og postbankbok.

    SvarSlett
  3. Kjekt å sjå og lese frå turen.
    Eg har lurt litt på kvar Ostia er, har ikkje leita, men no fekk eg forklaringa ;) Høyrest ut som ein fin stad.

    SvarSlett
  4. Det er det! Vi høyrde nordmenn ein gong. Hotellet fann vi på nett. På den måten fekk vi ein fin kombinasjon mellom solferie og byferie. I Roma fer ein i flokk. Ostia er vel meir ein turistplass for italienarar.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...