lørdag 27. juli 2013

Snigleliv

 Den morosamaste gåva eg har fått i sommar, er denne keramikksnigelen.  Givaren såg han då han var på ferie og tenkte på meg med ein gong!

I fjor åt sniglane opp mykje av det eg prøvde å dyrke.  Eg kjøpte dei siste dråpane av middelet Hagelaget sel.   I vår kjøpte eg dei første. Den einaste avlivingsmetoden eg har brukt etter det, er saks. Set ein ut ølfeller drep ein boasnigelen som det vert hevda gjer liten skade, for han et daude plantar. I tillegg trivst ikkje iberiasnigelen der det er boasnigel.  Boasniglane jagar vekk iberiasnigelen, har eg høyrt. (På Wikipedia skriv dei ikkje så positivt om boasnigelen ...)

Kva som gjer det, veit eg ikkje. Men i år finn eg omtrent ikkje iberiasniglar i hagen.
Boasniglane derimot ser ut til å trivast og formeire seg ...

3 kommentarer:

  1. Eg kjenner berre to som er levande opptekne av sniglar, du og Eli Kjøde. God tur til Sverige Kongsberg og Notodden.

    SvarSlett
  2. Så det boasnigel eg måtte avlive nå ein kveld...brr.. fant den på husveggen av alle plassa!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...