fredag 12. juli 2013

Gammaldagse roser

 Dei gammaldagse rosene i hagen blomstrar berre ein gong, men då er det også rikeleg med roser.
 Dei blomstrar på fjorårsskot, så ein må ikkje klippe dei ned om våren.
 Det gjer at dei vert litt uryddige og passar kanskje best i ein hage som ikkje er for strigla?
 Eg høyrde nokon kalle peonane for bonderoser.  Ikkje eit vondt ord om bønder - kven er ikkje av bondeslekt? Men herregardsroser høyrer kanskje finare ut? Peonane blomstrar også berre ein gong, og det på den finaste tida av året.
Honningknoppurt sår seg overalt i hagen.  Eg røskar dei vekk der eg ikkje vil ha dei.  Humlene er svært glade i denne planten.  Det er kanskje ein grunn til å behalde han?

4 kommentarer:

  1. Roser er hagens diamanter....

    SvarSlett
  2. Fleire døydde her i den kalde vinteren. Men desse er trufaste. Ingen andre har blomstra enno.

    SvarSlett
  3. Nydelege å sjå på, og god lukt av Prestegardsroser.
    Når det gjeld peonar så har eg to sortar i hagen, Bondepeon og Silkepeon.
    Men om det står i hageleksikon veit eg ikkje...

    SvarSlett
  4. Eg har enkle og doble. vart freista til å kjøpe to kvite til då dei kom på halv pris, så det vert ein stor kvit neste sommar, håper eg.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...