søndag 14. juli 2013

14. juli

 Fordelen med å vere vekkreist på dagen, er at ein kan feire når ein vil. I dag passa det godt, for bror med familie er i Ørsta. 14. juli er deira bryllaupsdag, mormora min sin fødselsdag, systera mi sin dåpsdag og dessutan kronprinsessan Victoria sin fødslesdag og den franske nasjonaldagen.
 Eg dekka to bord.  Vi var 18 til middag og 20 til kaffi.  Ein hadde vore i bryllaup og ei på jobb.  Til middag hadde eg kokt ei stor panne kjøtsuppe. Dei store serviettane eg hadde tenkt å bruke, passa ikkje til suppetallerkar, så det vart desse, også dei med peonar.
 Når alle er samla, får ein nytte høvet til å ta bilde.  Her er alle nieser og nevøar på mi side saman med borna våre.  Foreldra mine har elleve barnebarn.
Og så insisterte eg på eit bilde saman med foreldre og søsken.  
Om nokon treng hjelp til å knyte eit slips, er dette rette mannen å spørre.  Han kan over 20 ulike knutar.  Denne passar kanskje best til partybruk, for eksempel når den eldste tanta vert 50?

Takk til alle gjester som gjorde dette til ein kjekk dag!

6 kommentarer:

  1. Tusen takk for oss, det var ein svært triveleg dag!

    SvarSlett
  2. Takk for ein fin dag. Og for at du minte meg om at Margrete faktisk vart døypt på mamma sin 64 - årsdag, det hadde eg gløymt.

    SvarSlett
  3. Ser ut til at de hadde ein flott dag i lag!!

    SvarSlett
  4. Det er kjekt å samle slekta! Systera mi sin dåpsdag var av dei store hendingane i min barndom i tillegg til mormor sin 70-årsdag.

    SvarSlett
  5. Gratulerer med vel overstått! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Mykje betre å fylle 50 enn å gå rundt å tenke på at ein skal bli 50 ...

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...