fredag 26. juli 2013

Bok 36: Tvekampen

Eg vart litt forvirra då eg begynte å lese denne romanen.  Var det ikkje siste boka til Indridason likevel?  Eg kjende ikkje att etterforskaren.  Forklaringa fekk eg etter kvart.

Hendingane er lagt til sjakkmeisterskapen på Island i 1972.  Ein filminteressert gut som tek opp lyden på filmane han ser, vert knivstukken og drepen under ei framsyning. Har hendinga noko med den kalde krigen å gjere.

Vi får og livshistoria til etterforskaren Marion Briem.  Mor hennar var einsleg mor til ho døde.  Marion sjølv vart smitta av tuberkulose.  Vi får lære ein del om behandlinga av denne sjukdomen. For meg er det sterkare kost enn drap ...

Mordgåta vert løyst.  Til slutt helser Marion på ein ung mann, Erlendur Sveinsson.

Eg forstår godt at bøkene til Indridason er populære.  Det er god underhaldning.

6 kommentarer:

  1. Eg håper det snart kjem ei bok der Erlendur er med som etterforskar igjen. Det er han eg likar best. Og så likar eg å lese om segner og folketru frå Island.

    SvarSlett
  2. Marion si historie var interessant. Men eg er enig med at vi forventa Erlendur, men då kunne ikkje bakteppet vere frå 1972.

    SvarSlett
  3. Jeg har lest alle bøkene til Indridason og savner også Erlendur. Men at Marion Briem er en kvinne, er jeg neimen ikke sikker på! Det står ikke nevnt kjønn ett sted i noen av bøkene hvor h*n er med, ennå.
    Marion kan også være en herrenavn og jeg er veldig forvirret når jeg leser, om det faktisk er en kvinne eller om det er en mann

    SvarSlett
  4. Interessant! Eg reagerte ikkje på noko som ikkje passa inn med at Marion er ei dame. Boka er levert attende til biblioteket. Men ville det ikkje vere umogeleg å skrive så mykje om ein person utan å skrive ho eller han?

    SvarSlett
  5. I den norske lydbokutgaven omtales Marion som "hun" i slutten av kapittel 25, men så vidt jeg vet har forfatteren selv sagt at han ikke vet om Marion er mann eller kvinne.

    SvarSlett
  6. Eg visste ikkje dette då eg las boka, og gjekk berre ut i frå at Marion var ei jente. Men når forfattaren er usikker, så ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...