onsdag 16. januar 2013

Og lovar å elske ein annan?

Det er ordklassene som står på planen i 8B, nærare bestemt pronomen.  Før nokon får sjanse til å spørje kva som er vitsen med å kunne forskjellig, prøver eg ofte å grunngi kvifor vi skal lære noko. Det er ikkje alt som i utgangspunktet er like nyttig.  Jau, det vi skal lære i dag, er noko som kan dukke opp i ein quiz, nemleg kva er eit resiprokt pronomen?

Svaret er enkelt: Kvarandre.  Men så kan eg ikkje underslå at det i nynorsk er eitt til, nemleg einannan.  Og det første dømet eg kjem på, er frå O jul med di glede der ein lovar å elske einannan, eller kvarandre om ein vil. Av og til høyrer ein at det ein seier, kjem feil ut ...

Utklippet over er tatt frå Regionsavisa i dag.

8 kommentarer:

  1. Ja, det skurra kraftig i øyro...

    SvarSlett
  2. Ei mager trøyst for ein lærar er at det kanskje er dette dei hugsar?

    SvarSlett
  3. Mykje dårlig språk innimellom ja. Ordet "einannan" trur eg ikkje er mykje brukt. Sjølv reagerer eg litt på kule overskrifter(bokstavrim) som t.d. "Høg hyggjefaktor på Hovdevatnet." Det lét feil i mine øyre.
    Hadde der enda stått hygge!

    SvarSlett
  4. PS. Hadde du spurt meg kva eit resiprokt pronomen var, hadde eg ikkje visst det. Det var slikt eg kunne for lenge sidan, men sidan eg ikkje har undervist i grammatikk på så høgt plan, er det gløymt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er derfor eg kallar det quizspøramål;-)

      Slett
  5. Eg tenker at ein får unnskylde journalistane litt. Dei skriv mykje og ofte under tidspress. Men då gjeld det å halde tunga beint i munnen. Det er eit godt råd å setje punktum oftare i staden for å vikle seg inn i lange periodar og misse tråden undervegs som i eksempelet over.

    SvarSlett
  6. Eg er ikkje sikker på at journalistane alltid lagar overskriftene sjølve. Når eg skriv referat overlet eg ofte det "problemet" til redaksjonen.

    SvarSlett
  7. Nei, det gjer nok ikkje alltid den som skriv artikkelen.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...