fredag 18. januar 2013

Gratulerer Håkon 19 år!

 I dag kan vi gratulere Håkon med 19-årsdagen!  Minstemann i familien er den som no er størst av alle!

Då eg låg på sjukehuset for 19 år sidan hugsar eg godt at vi såg nyheitene.  Johan Jørgen Holst døde nokre dagar før.  På 19-årsdagen vert det og mykje fjernsynsjåing.  Eg håper situasjonen løyser seg.

Fødselsdagsbarnet ønska seg pølsegryte til middag. Det vart blåbær- og bringebærgele til dessert.  Vi venta med å ete til han kom heim frå fotballtrening.  Bildet vart teke før eg hadde på bestikk.  Vanlegvis pyntar eg med primula for første gong 18. januar.
Ein av brørne hans er på Cuba, den andre i London.  Sjølv skal han til Kanariøyane neste veke.  Slik har verda vorte.  Det vert eit reiseår for ungdomane i familien.  Sjølv skal eg både til London og Roma, så det står ikkje på!

Det følgjer ikkje privilegium med å bli 19.  Eg hugsar berre at eg følte meg svært vaksen.  For kva var vel betre enn å bli ferdig med vidaregåande og kunne gjere det ein ville?  Dagens jubilant må snart bestemme seg for kva han skal slå inn på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...