onsdag 23. januar 2013

Tova hue i dobbel finull

 Oppskrifta på hua fann eg i ei bok som heiter Strikk og tov.  Hua der dekte så vidt øyrene, og det er ikkje moten no.  Eg strikka ein modell som er "baggy".  Han som tok den på seg, fekk høyre han var lik Aksel Hennie.

Legg opp 85 masker med dobbel finull på ermpinne nr. 6.  Strikk 65 (eller så lang du vil) omgangar glattstrikk.  Strikk 15 masker to saman ein omgang= 80 maskar.  Strikk 2 omg glattstrikk. Strikk ein omg 6 masker og 2 saman.  2 omg glattstrikk. 5 masker og to saman, 2 omg  glattstrikk o.s.v (Felling på kvar 3. omgang) til du har 10 masker att.  Klipp av tråden og trekk den gjennom dei 10 siste maskene.  Fest trådane.  Eg hadde ca 1 meter att av den gule tråden ...

Vask hua på vanleg vaskeprogram 40 grader. Bruk litt Milo eller grønsåpe.

Varmare hue får ein vel omtrent ikkje.  Med 13 minus som her, er det berre å leite fram ull.  No håper eg at tiandeklassegutane vil lage minst like fine huer som eg.

3 kommentarer:

  1. Takk. Den ligna på den eg såg i den bloggen eg ikkje finn att.
    Kanskje eg prøver denne.
    Men har nokon finull her omkring ? Det er vel Rauma ?

    SvarSlett
  2. Trådkråa på Hareid har Rauma finull - og mykje anna fint og godt garn.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...