fredag 11. januar 2013

Fornying frydar

 Etter ei travel veke på jobb passar det brå å slynge litt når ein får fri.  Eg starta runden på Floriss her her i bygda.  Der var det store mengder orkidéar til 99 kroner.  Det var vanskeleg å velje.  Men eg trur ikkje eg har hatt denne litt oransjefargen før. Dei to eg kjøpte var dessutan fulle av knoppar.
Ein duk til hadde lurt seg unna vekkrydding.  Som de ser, står julestjerna like fin.  Eg inviterte opp journalisten på denne gryta som har vorte ein klassikar i heimen.

Det er berre ein ting eg er litt sur for i dag. Det er dette ungdomsrommet som eg held på å oppgradere.  Eg fann endeleg nokre gardiner som eg likte, og så hadde dei berre ei lengd att ...

2 kommentarer:

  1. Nydeleg orkidè. Det er så mange variantar av dei at ein kan nesten ikkje bestemme seg.
    Skiltet med nynorsk tekst kjøpte eg på Hjerteromet i di kommune. Men det var det einaste på nynorsk.
    God helg !

    SvarSlett
  2. Kjekt å vite for slike som meg som ikkje kunne tenke seg å henge opp eit skilt på bokmål i heimen!
    Det er ikkje heilt så gale. Eg synest ikkje ein skal omsetje originale bokmålstekstar som t.d. Janteloven til nynorsk.
    God helg!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...