lørdag 19. januar 2013

Oppgradert

Ungdomsrommet som eg fortalde om før jul.
Nokre ville ha sofa, andre ville ha seng.  Då vart det sjølvsagt sovesofa.  Vi valde den med beste madrassen.  Sofaen vert til seng med eit enkelt grep.  Og så ville ungdomane ha eit litt større bord enn 90 x 90. Gardinene må stenge lyset ute når dei skal sjå fotballkamp på dagtid, fekk eg beskjed om. I dag kjøpte eg ein rimeleg løpar og eit par puter.  Slikt kan lett bytast ut.  Så vart plutseleg det relativt nye teppet gammalt.  Det får eg ordne ein annan dag.

P.S.
Det beste av alt: Kortet med fotballkanalar har flytta ned.

4 kommentarer:

  1. Dette blir fint, og eg må gratulere med flytting av fotballkampar. Ser det manglar litt fargar og kanskje bilde på veggene? Du har vel nok å ta av? Eller kanskje dei må velje sjølve-dei som skal bruke fotball/ film-rommet.

    SvarSlett
  2. Ting tek tid når mange skal vere med å bestemme. Ulike bilde har stått i vindaugskarmen, for å seie det sånn. Vi får sjå. Førebels får der vere litt fargelaus i tråd med tida.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...