tirsdag 8. januar 2013

Klart at eg kan!

Det er over 20 år sidan sist eg strikka eit par lestar.  Det var fleire grunnar til at eg sette i gang.  For det første så hadde eg liggande to nøste Sterk som eg fekk då eg melde meg inn i Hobbyklubben.  For det andre var eg "arbeidsledig".  Men det utslagsgivande var at mor mi let det falle eit ord om ho tilhøyrde den siste generasjonen som sat og strikka tjukkelestar.
"Klart at eg kan!", tenkte eg.  Men då eg var komen ned til hælen, stod eg fast.  Eg strikka til midten.  Det demra ikkje.  Eg som trudde eg kunne to hælfellingar.  Babysokkane eg strikka i fjor, var heilt annleis.  Då følgde eg dessutan ei oppskrift.  Med litt forklaring frå mor mi, fall det på plass.

Det skal nok ikkje gå 20 år til neste lestepar, men eg har ikkje tenkt å gå mor mi i næringa.
Så skal de få sjå byrjinga på den Forbrytelsenliknande genseren min.  Eg tenkte eg vill begynne på ei erm.  Då ser eg om strikkefastheita stemmer.  Eg må og rekne ut avstanden mellom mønsterbordene.  Eg har litt lange armar, så eg må plusse på eit par centimeter på ermane.  Så langt ser det ut som eg kan strikke etter det danske mønsteret.  Genseren skal vere tettsittande og ikkje for lang, har eg tenkt.  Mitu er eit herleg garn å strikke.  Farmengenseren er strikka i det garnet.  Det er 50% ull og 50% alpakka.

5 kommentarer:

  1. JA! Visst kan du :-)
    Flinke også!

    (Det er på ein måte "blogg språk/sms språk" når ein ikkje uttrykker seg på fullstendig måte)

    Ha fin kveld!

    SvarSlett
  2. Gode lestar.
    Eg har heller ikkje strikka vanlege lestar på lang lang tid.. må nok ha oppskrift.
    Gensaren ser ut til å bli fin. Det skal verte kjekt å sjå den ferdig.

    SvarSlett
  3. Det gjer meg trygg å vite at der er folk til å ta over lestestrikkinga. Eg har for øvrig strikka 3-4 par sidan jul. Mens eg ventar på gensermønster.

    SvarSlett
  4. Det blir spennende å følge genserprosjektet....begynnelsen ser fin ut!

    SvarSlett
  5. Eg har mange lestemønster, men var for kjepphøg til å ta dei fram. Elles trur eg det er eit sjakktrekk å begynne på ermane. Det kunne lett ha vorte nok ein vest viss ikkje...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...