lørdag 5. januar 2013

Forbrytelsengenseren

Eg tippar at fleire enn eg har sete og sett på genseren til Sara Lund i Forbrytelsen.  Det er ei stund sidan der låg ein link til oppskrifta på facebook.  På Tråd Kråa fekk eg sjå genseren strikka i Mitu.  Den genseren var svært fint strikka. Genseren i TV-serien er felt på ein annan måte slik at mønsteret ikkje er "heilt" i overgangen mellom ermar og bol.

I dag kjøpte eg garn og fekk med nokre gode råd på kjøpet.  Eg valde den kvite varianten med koksgrått mønster.  No gler eg meg til å kome i gang.  Men eg må vere streng med meg sjølv: Først strikke ferdig lestane og rette ferdig ei viss mengde tentamenar kvar dag.  Det siste målet har eg nådd i dag. I morgon skal egh bli ferdig!

Mønsteret fann eg her. Ein må laste ned ei fil.

2 kommentarer:

  1. Jeg tenkte også på å lage sen genseren. Den er knallfin, men har slått det fra meg da jeg ikke har originalippskriften. Jeg er ikke så flink til å improvisere.

    SvarSlett
  2. Eg ser allereie at det ikkje er så enkelt som ein trur ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...