mandag 7. januar 2013

Ulempa med ...

 Før helga såg er føre meg ei lang helg med retting.  Men det er som med anna arbeid, det tyngste er å kome i gang.  Når bunken har kome opp på bordet og raudepennen er komen i handa, går arbeidet raskt unna.  Eg tok ein bunke laurdag og ein i går.  Begge dagane passa eg på å kome meg ut i dagslys.  No står karaktersamarbeid på tvers av klassene igjen.
Julegardinene har kome ned, men eg fekk lyst til å skitne ut juledukane før eg ryddar dei vekk.  Legg merke til den merkelege orkidéen.  Eg fekk den av systra mi i sommar.  Då blomstra han på tre stilkar.  No har det kome nye stilkar med nydelege blomar på.
Ulempa med å drive med mykje rettingsarbeid, er at ein ser skrivefeil både i aviser og på TV.  Dette er folk som har skriving og omsetting som yrke. Privat skriv folk som dei vil. Eg er opptatt av at ein ikkje skal ta skrivegleda frå folk!  Bloggar les eg ikkje med raudepenn.  Det vil eg berre presisere.

Eg synest eg høyrer norsklæraren min på vidaregåande: Bakdel er noko anna! No ser eg at ordet er tatt inn i ordlista.  Det er vel slik at når mange gjer same feilen, vert det rett til slutt?


6 kommentarer:

  1. Jeg måtte sjekke bokmåls- og nynorskordboka på nett, og jammen har du rett, det er lov å skrive bakdel i betydningen ulempe. Lyder helt forferdelig i mine ører, reagerer hver gang jeg ser eller hører det brukt :)Jeg er enig i at folk må få skrive hva/hvordan de vil privat, mange sliter med lese- og skrivevansker. Men kan irritere/forundre meg over at at folk som ellers mestrer rettskriving ikke kan dette med særskriving - skjærer meg i øynene når det kryr av slike feil i en tekst.

    SvarSlett
  2. Eg samlar på døme. Det siste var bil stolen - bilstolen. Ein bloggar seier ho har dysleksi, og då meiner eg det er berre å legge godviljen til for lesarane. Lærarar skal vurdere om ein tekst kommuniserer eller ikkje. Får ein fram meininga si, kommuniserer teksten. Ein "står".
    Omsettarar som over, bør vere språkinteresserte og ha ein annan kompetanse enn folk flest. Bakdel vil for meg alltid vere ein bakende!

    SvarSlett
  3. Du som er oppdatert, er det ok å skrive den i staden for han og eventuelt ho?

    SvarSlett
  4. Eg har trudd ein kunne velje. Når eg skriv formelt, bruker eg han/ho/henne. Så ser eg at enkelte nynorskkurs (for bokmålsfolk) seier at den ikkje er eit nynorsk pronomen - ein skal bruke han/ho.
    http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=den&nynorsk=+&ordbok=begge
    I ordboka står det at den/det er 3. person eintal.
    For å vere heilt soikker, bør ein kanskje bruke han/ho/henne?

    SvarSlett
  5. Ja, ein må vel det. Men eg er gått meir over til den, sidan det er det vi seier. Ventar spent på strikkeriet ditt!

    SvarSlett
  6. Eg har ei kjensle av at "bokmålsfolk" vil at nynorsken skal vere konservativ medan nynorskbrukarar vil ha eit levande språk i Aasen si ånd - bygd på dialektane. Skriv den du!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...