tirsdag 29. januar 2013

Bok 5: Himmelen begynner her

Denne romanen las eg i trua på at det var ein såkalla amerikansk bestseljar.  Då eg skulle finne eit bilde for å skrive om boka, oppdaga eg at det var ein ungdomsroman.  Då fall bitane på plass.  Eg er nemleg samd med dei som kallar romanen for "ei perle av ein ungdomsroman".

Vi møter 17 år gamle Lennie som nettopp har mista den litt eldre systera si. Hjartet hennar svikta.  Det er mormora som har tatt seg av dei to jentene.  Midt i all sorga opplever Lennie at ho vert forelska - ho som skulle sørge.

Eg synest at forfattaren greier å formidle kjenslene til Lennie på ein herleg usentimental måte. Rett nok vert "sjelen revet i to" i ei setning, men generelt sett meiner eg språket er godt. Historia vert truverdig.  Etter mi meining kan romanen godt verte lesen av både unge og gamle.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...