fredag 4. januar 2013

Strikkepakke

Systera mi var så heldig å vinne ein strikkepakke i romjula.  Ho tok den med hit.  Eg var "arbeidsledig", så det passa fint.  Det var kjekt å strikke etter nokre strikkefrie dagar i jula då eg ikkje var i form.

Garnet heiter Carmen.  Det er eit nydeleg ullgarn (85%) som er blanda med lin (15%).

Mønsteret var enkelt, og på pinnar 9 går det fort.  Det eg ikkje var heilt nøgd med, var sjølve mønsterarket.  Plagga skulle strikkast på rundpinne medan mønsteret var forklart fram og tilbake. Øvst står det at ein treng 80 cm rundpinne i 9.  I mønsteret står det at ein skal legge opp på pinne nr 8 og strikke rundt.  Mønsteret er både på dansk og svensk med same feil.

Systera mi fekk velje farge sjølv, og eg synest ho gjorde eit godt fargeval!

7 kommentarer:

  1. Flott farge og alt ser varmt og godt ut.
    Eg planlegg å strikke meg ein hals, blir så fort "kulsen" på nakken...

    SvarSlett
  2. Imponert over kor rask du er. Settet såg herlig ut.
    Kjekt hjelpe systå ;-)

    Artig med den kokeblomen .. Ikkje minst at den fungerar som den skal.

    God helg!

    SvarSlett
  3. Lurer på å sende deg ein kit vottar i fint mønster i to fargar. Eg har faktisk to forskjellige, kan legge dei ut på bloggen. Eg driv med litt rydding.

    SvarSlett
  4. I dag skaffa eg meg nytt arbeid, så det hastar ikkje. Tenkjer slekta treffer slekta?

    SvarSlett
  5. Systera er imponert! Kanskje du ønskjer deg nokre nøste til?

    SvarSlett
  6. Eg trur eg beheld oppskrifta, og så får vi sjå. Eg kan bruke same garnet som til Reisen til julestjernen. Eit anna prosjekt freista meir ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...