onsdag 23. januar 2013

Jalfrazi

Førre veke stod det laks på menyen på skulekjøkenet.  Gruppene laga kvar sin rett og sette på ein buffe.  Vi laga to av rettane frå Fiskesprellkurset, mellom anna Jalfrazi.  Oppskrifta fann eg her.  Fordi dei andre rettane var i form, laga eg denne og om til ein omnsrett. Oppskrifta er altså skriven for niandeklassingar. Heime laga eg den i steikepanna som de ser på bildet.  Retten fall godt i smak både på skulen og heime.

4 laksefiletar
1 liten løk
½ grøn paprika


½ båt kvitløk
1 cm frisk ingefær
2 ms olje til steiking

¼ ts spiskummenfrø
1 ts kvitvinseddik

½ ts chilipulver
½ ts gurkemeie
½ ts garam masala

1 tomat, i båtar
1 ms frisk koriander

·        Set steikeomnen på 200 grader.

·        Skjer løk og paprika i strimlar. Finhakk eller riv ingefæren.

·        Skjer laksefileten i terningar på ca. 3 centimeter.

·        Varm olje i en stekepanne, tilsett spisskummenfrø og steik til dei begynner å poppe.

·        Tilsett løk, paprika, ingefær og kvitløk og steik i eit minutt.

·        Ha i kvitvinseddik, chilipulver, gurkemeie og garam masala. Steik blandingen ca 2 minutt.

·        Legg grønsakblandinga i ei eldfast form.  Bland fisken forsiktig i og set forma i omnen.  

·        Steik retten i 7-10 minutt til laksen er gjennomsteikt.

·        Pynt med tomatbåtar og frisk koriander før servering.

4 kommentarer:

  1. Kan du seie litt om garam masala? Eg kjøpte ein gong eit glas med tikka masala, og det er det verste eg har kjent!
    Har lyst å prøve denne retten.

    SvarSlett
  2. Takk for oppskrift. Den skal prøvast !

    SvarSlett
  3. Garam masala er eit blandingskrydder, mykje brukt i indisk mat. Eg har sett det både i glas og i posar. Tikka masala er vel ein ferdig rett. Eg trur eg har kjøpt halvfabrikata ein gong på kupp?
    Eg vurderer å prøve med sei ein dag.

    SvarSlett
  4. Trur eg har både tikka og garam i hus. Minst eitt av dei brukar eg i mulligatawnysuppe.
    Eg tenkte også på sei, men kanskje vi sjal slå oss laus å kjøpe laks. Retten såg veldig god ut.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...