lørdag 14. september 2013

Plommer i krydderlake

Bær i krydderlake har vorte ein klassikar i familien. Til frosne bær kokar ein berre laken og heller han over dei. Plommene må kokast.  Då koker eg berre krydder og vatn først, slik at kryddera får gi frå seg smak.  Så har eg i sukker og plommer.  Sukkeret løyser seg opp og plommene får koke til dei er møyre. For at det ikkje skal bli for mykje lake, koker ein plommene i to porsjonar.Ein kan sjølvsagt hermetisere plommene på denne måten. Fortvil ikkje om du ikkje har alle kryddera. Alle kan sløyfast, kanskje utanom anisen.
5 dl vatn

2 heile anis
3 nellikspikarar
1 kanelstong
5 kardemommefrø - eg brukte grøne
1 vaniljestong eller 1 ts ekte vaniljesukker

3 dl sukker

1 - 1 1/2 kg plommer

1. Kok vatn og krydder i ca 15 minutt. Ta ut/sil vekk kryddera.
    (Du kan ta vare på kryddera og legge dei oppi att i ein sil eller liknande.)
2. Ha i sukker og kok opp.
3. Ha i omtrent halvparten av plommene.  Kok dei møyre.
4. Kok resten av plommene.
5. Avkjøl.

Server gjerne med krem: Pisk 1 pk fløyte tilsett 1 ts ekte vaniljesukker.
Vaniljeis smakar sjølvsagt godt til.

6 kommentarer:

  1. Og så no.....når vi ikkje har meir plommer att. Sikker på det smakar himmelsk-for den laken er god.

    SvarSlett
    Svar
    1. Opps, for dei plommene kokte eg lake på ...

      Slett
  2. Eg hadde ikkje tronge å lage sylte.
    Eg kokar laken til bær dagen før, og siler den over bæra når den er kald. DÅ "blør " ikkje bæra så mykje.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det har eg og gjort. Ein sparer også kjøleskapsplass ...

      Slett
  3. Dette ser godt ut.
    Eg er så tradisjonell og har ikkje tilsett
    krydder i mine nedlagde plommer.
    Takk for tipset !

    SvarSlett
    Svar
    1. Ungane i familien liker godt krydderlake . Anis smakar vel lakris.

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...