Dei unge mennene og eg har funne eit TV-program som vi ser saman, i opptak sjølvsagt, nemleg 4-stjerners middag. Dei kosar seg med kommentarane til skodespelaren og dei fortvila utropa til kokken. Eg prøver i tillegg å plukke opp nokre matlagingstips.
I dag brukte Andrine Flemmen Piano vaniljekrem. Sjølv synest eg at ferdigkjøpt vaniljekrem og vaniljesaus er heilt OK. Men det gjorde ikkje kokken! Det er sååå mykje betre å lage kremen sjølv. Det er år og dag sidan eg har laga heimelaga vaniljekrem, må eg innrømme. Eg fann ei oppskrift i Sverre Sætre si kakebok som eg brukte som utgangspunkt. Eg brukte litt mindre sukker, og eg kunne tenkt meg den endå mindre søt.
2 vaniljestenger (2 ts (?) ekte vaniljesukker om du ikkje har stenger på lur)(Skrap ut vaniljen, men legg alt i mjølka)
4 dl H-mjølk
1 1/2 dl kremfløyte
1 dl sukker
Kok dette litt i ei panne med tjukk botn. (Ikkje aluminium +metallreiskap)
I ein bolle (eg brukte glaslitermål) har du:
1 dl H-mjølk
4 ms maisenna
Pisk lett saman før du har i:
4 eggeplommer
Hell den kokande mjølka over i bollen med maisenna/mjølk/eggeplommer medan du rører. Så har du alt tilbake i panna medan det kokar opp. Kok i eit minutt under omrøring. Ta ut vaniljestengene og ha kremen i ein bolle.
Eg prøver å produsere minst muleg oppvask når eg lagar mat(åra utan oppvaskmaskin sit vel i), så eg hadde kremen attende i litermålet. Det er lurt å legge plastfolie ned på kremen for å unngå snerk.
I dag serverte eg vaniljekremen til rabarbragraut. Karane ville ha vanleg krem også. På spørsmål om vaniljekremen var betre enn Piano, fekk eg til svar: "Mykje betre!"
Takk for oppskrifta. Den skal lagres i "mappa" : Solveigs oppskrifter
SvarSlett;-) Eg kjem nok ikkje heilt til å slutte med ferdigkjøpt vaniljekrem, greit når ein skal gi vekk ei kake til korps eller liknane, men eg trur nok karane her vil ha heimelga i framtida.
SvarSlettDet står 4 ms maisenna. Hva står ms for?
SvarSlettMatskeier=15 ml
SvarSlett