lørdag 26. mai 2012

Årets blomstertur

Ei venninne av meg og eg har i fleire år brukt ein laurdag til å køyre til Nerlandsøya for å handle på Kvalsund gartneri.  Vi er samde om at det er reine vitamininnsprøytinga.  Ingen av mennene våre føler trong til å blande seg inn i potteplantinga.

Eg prøver å velje litt ulike fargar kvar gong.  I år styrte eg unna kvitt, knallraudt og gult.  Fargane eg stod att med då var blått, lilla, ulike rosafargar og oransje.  Hengeplantar kjøpte eg til konfirmasjonen.  Men då eg såg ein plante med rosa blomster og umodne jordbær, fekk den vere med heim.

No har plantane kome i krukker og skvåsjplantane kome i åkeren.  No får ein ønskje seg ein travel vatnejobb!

2 kommentarer:

  1. Nydelege blomster !
    Ja, Kvalsund gartneri har flotte planter.
    Eg òg brukar å ha ein vårtur dit :)

    God pinse !

    SvarSlett
  2. Takk for det!
    Synest at det er flott at plantane vert dyrka på våre kantar. Elles kjøper dei inn litt og - for å ha utval. Hengande jordbær var innkjøpt viss eg forstod dei rett!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...