Dette er fjerde boka i serien der avdeling Q løyser saker. Politiet har oppretta denne avdelinga for å få tilskot på fleire millionar. Personane dei tilset, Carl Mørck, Assad og Rose, er skadeskotne på kvart sitt vis. Saman skal dei løyse gamle saker. Sjølvsagt rotar dei seg opp i saker i tida - med røter i fortida. Vi kjem litt nærare inn på dei tre hovudpersonane i kvar roman.
Journal 64 tek føre seg menneskesyn i fortid og notid. Jenter vert tvangssteriliserte. Ei av dei tek systematisk hemn.
Eg har storkosa meg med desse bøkene, to i papirutgåve og dei to siste som lydbok. Adler-Olsen skildrar folk slik at du ser dei føre deg, til dømes han som har bicepsar som kokosnøtter. Torsdag låg eg på kne og vaska rundt kanten på eit teppe. Då høyrer eg Assad seie: "De var en sånn familie som hadde skitt under teppet". Han meinte det sjølvsagt i overført tyding. Språket og humoren står til terningkast 6. Viss eg skulle trekke ned på noko, så måtte det vere at ein hadde gjetta den overraskande slutten for lengst.
Dette er ei bok for alle krimelskarar. Men start med "Kvinnen i buret"!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar