I fjor fekk eg denne kjøkenhandduken av svigerinna mi. Eg har gledd meg til å prøve oppskrifta!
Eg har ei paiform, men bruker like gjerne ei eldfast form.
I forma hadde eg 500 g rabarbra i bitar og 1 dl sukker blanda med 1/2 ms potetmjøl.
175 g smør skulle smeltast og blandast med 3 dl mjøl, 1 dl sukker og 1 ts bakepulver. Eg trur nok at smøret like godt kunne ha vore brukt utan å smelte det.
Som de ser på handduken, så står der ikkje noko om pailoket. Eg berre smuldra det over.
Paien vart god på smak. Ein annan gong doblar eg fyllet!
Mmm, det ser godt ut. Syns eg kjenner smaken, nam.
SvarSlettHer er ikkje rabarbraen stor nok enno syns eg, får vente ei veke til.
God helg !
Takk for det! Min er stor og fin. Det er vel viktig å hauste etter kvart.
SvarSlettEg har rabarbra i frysaren frå i fjor, men her er det kakestopp.Har ei god oppskrift på rabarbrakake, lettvnt er den også.
SvarSlettTrur det er Marit si som eg brukte i fjor? Rabarbraen min har vakse enormt berre frå i fjor!
SvarSlett