fredag 18. mai 2012

Rabarbrapai

I fjor fekk eg denne kjøkenhandduken av svigerinna mi.  Eg har gledd meg til å prøve oppskrifta!
Eg har ei paiform, men bruker like gjerne ei eldfast form.
 I forma hadde eg 500 g rabarbra i bitar og 1 dl sukker blanda med 1/2 ms potetmjøl.
 175 g smør skulle smeltast og blandast med 3 dl mjøl, 1 dl sukker og 1 ts bakepulver. Eg trur nok at smøret like godt kunne ha vore brukt utan å smelte det.
Som de ser på handduken, så står der ikkje noko om pailoket.  Eg berre smuldra det over.

Paien vart god på smak.  Ein annan gong doblar eg fyllet!

4 kommentarer:

  1. Mmm, det ser godt ut. Syns eg kjenner smaken, nam.
    Her er ikkje rabarbraen stor nok enno syns eg, får vente ei veke til.
    God helg !

    SvarSlett
  2. Takk for det! Min er stor og fin. Det er vel viktig å hauste etter kvart.

    SvarSlett
  3. Eg har rabarbra i frysaren frå i fjor, men her er det kakestopp.Har ei god oppskrift på rabarbrakake, lettvnt er den også.

    SvarSlett
  4. Trur det er Marit si som eg brukte i fjor? Rabarbraen min har vakse enormt berre frå i fjor!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...