onsdag 2. mai 2012

Høddhandel

Som blogglesarane sikkert har fått med seg, er eg fæl eller flink, alt etter korleis ein ser det, til å utvide panneparken. I dag køyrde eg yngstemann på kamp, og så tok eg meg ei lita handlerunde i byen.  Der kom eg over ei panne med belegg til halv pris.  Den er litt mindre enn ei tilsvarande som eg skal kaste fordi ho har vorte gammal og så skeiv at loket ikkje går på.
For meg ser det ut til at panna toler oppvaskmaskin.  Det fekk eg bekrefta i butikken. Samtidig meinte dei at ho ville vare lengre om ein vaska ho for hand.  Så får ein berre bestemme om ein vil slite på panna eller kjerringa, som eg plar seie.

Høddhandel var eit uttrykk eg brukte den tida eg køyrde han som no er student, på trening,  Medan han trena handla eg, og så henta eg han etterpå.  Den tida var det Lidl i Ulsteinvik.

Viss nokon trur at eg har tenkt å sette panna på plata på bildet, tek dei feil.   Det er betre at plata er mindre enn plata enn omvendt.  Gjett om eg har krangla med elevar om dette opp gjennom tidene!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...